tirsdag 22. februar 2011

Snakk dialekt, skriv nynorsk

Håvard B. Øvregård er i Suldal og har hallelujamøte i mållaget. Han kom til sine eigne og tok dei med storm. Han snakkar  i same takt som eit maskingevær. Den han seier er så sjølvsagt når han seier det.

Barn er som svampar og syg til seg språk. Det dei høyrer mens dei er små sit godt. Får dei høyre mykje og variert språk, får hjernen fleire banar å jobbe i. Og det blir lettare å hugse og bruke språket.

Små barn kan vere fleirspråklige og gli lett mellom språka. Eg hugsar godt ein liten døv unge som kom inn i eit rom der det sat ein døv, ein høyrande tegnspråkbrukar og ein som ikkje kunne tegn. Ungen samtala med alle tre på deira måte utan å blunke. Frå tegnspråk til tegn til tale og talemål .

Det er godt å vere trygg i språket sitt. For å vere trygg må ein høyre det frå ein er liten. Det som ofte svikter er at ein ikkje skjønar at for å lære andre språk må ein ha ein trygg base i sitt eige språk. Døve vart i mange år opplærte i norsk utan å ha noko morsmål å byggje norsken på. Så fekk dei opplæring i, og på, tegnspråk. Nå vil kunnskapsministeren leggje ned alle døveskulane og dermed grunnlaget ei levande utvikling av morsmålet deira. Me skulle hatt ein Øvregård i "døveriet" også.

Mållaget er opptatt av at arbeidet med nynorskopplæring skal byrja alt i barnehagen. Suldal mållag arrangerte barnehagekonferanse på Sand i fjor og dei arbeider for å styrkje nynorsken i barnehagane. Øvregård er også opptatt av det. Han reiser rundt på skular og barnehagar og jobbar for at tekstar blir lesne på nynorsk for barna. Dei må få høyre lokalt talemål, dialektvariasjon og språklig mangfall og andre språk.

Det  han sa kokar ned til : Les nynorsk på nynorsk og bokmål på dialekt.

I dag skal han besøke barnhagane og Sand skule. Eg trur nok han tek seg ein tur innom andrespråksopplæringa og. Så blir det spanande å sjå høyre korleis stoa er der.

Her er språkmannen og leiaren i Noregs mållag; Øvregård

Her kan du lesa om mållaget:
http://www.nm.no/

Dagens kviss: Kva er mottoet til Noregs mållag?

5 kommentarer:

  1. Mange røyster - felles mål!

    SvarSlett
  2. Mange røyster - felles mål, vart det nye slagordet deira etter 100-årsjubileet i 2006.

    SvarSlett
  3. Godt forslag, Anne, men det er nok Suldalsrypa som har rett svar! Gratulerer! :)

    Takk Tord, for utfyllande opplysning, det visste ikkje eg ;)

    SvarSlett
  4. Til Anne: Slagordet kunne godt ha vore "Nynorsk for bønder - og for byasar!"

    SvarSlett