mandag 28. mars 2011

Der kom katten ut or sekken..

Lordag kunne me lese i Suldalsposten at det er uro i kommmunen si helseavdeling.  Det er hyrt inn ekstern hjelp for å ordne opp i situasjonen som skal ha gått over noko tid.

Alt er relativt i verda. Det er også omgrepet "noko tid."  På suldalsk blir: "noko tid" omtrent lik: "manns minne.

Dette er då ikkje nytt.
Det som er nytt er at inkvan har sloppe katten ut or sekken, og ut i verda. Kanskje var det Iwazaru som ikkje lenger haldt munn? Eller var det Kikazaru som høyrde det, eller Mizaru som såg koss gale det var?  Dette er dei tre kloke japanske apekattane. Når dei sit slik og teier kan dei gjere vondt verre.

Rådmannen vil ikkje gå inn på kva som er opphavet til uroa, men viser til at det er tilsett ein helsesjef utan legeutdannning, og at  det derfor er påkrevd med endringar i organisasjonsstrukturen.  Vidare seier ho at det ikkje er uvanleg å tilsetje helsesjefar utan legeutdannng. Det trengs ofte ein organisajonsutdanna person. Det er jo ikkje heilt på jordet.

I intervjuet ser det ut som om problemet er at helsesjefen ikkje har legeutdanning.  Me som har levd lenge i kommunen kan erindre at legeutdanninga ikkje har så mykje med korleis trivselen er på jobben. Det trengs folk som har empati i tillegg til relevant utdanning.

Stikk fingeren i jorda og sjå kor skiten den blir når ein tek den opp.  Kor mange gilde legar har me ikkje hatt i kommunen, for så å mista dei fordi dei var "udugelige"?  Når eg flytta inn att til Sand hadde eg tre fastlegar før eg traff legen min. Det var som eit hotell gjennomtrekk. Dei var aldri sakna av leiinga.

 Det rare er at i Sommar då eg låg og plaska i eit basseng i Bulgaria, kom eg i snakk med ein mann frå ei øy. Det viste seg at den "udugelige" legen inkvan ikkje ville ha i Suldal var ein veldig populær lege på øya hans. Han sa:- eg har den beste fastlegen det går an å ha!!
Kva seier det om oss?

Kva seier det om oss som har levd her og høyrd om problema ved legesenteret og latt det skure og gå?
Kva seier det om oss som har latt den eine etter den andre unge fastlegen reise herfrå med øydelagt sjølvtillit?
Kva seier det om oss om me lar det forsette?

Suldalsposten spør om det er aktuelt med avgang for den nåverande helsesjefen. Det får me ikkje svar på, for rådmannen vil jobbe seg gjennom saka med alle mann ombord.

Nå må me  passe oss så me ikkje endar som eit  Holbergstykke og "Rettar bakar for smed!"



Eg vil ikkje sei noko, eg vil ikkje sjå noko, eg vil ikkje høyre noko



Her las me på kommunesida om tilsetjinga av ny helsesjef. Dei av oss som diskuterte veddemål om kor lenge dette ville vara, ergrar seg grøne over alle pengane dei kunne ha håva inn:


Her kan de lese ein blogg der skrivaren tek for seg dei tre kloke apene og snur på flisa. Pass oss:
 http://my.opera.com/finn41/blog/show.dml/5515501

Dagens kviss:  Kva ville Arnnulf Øverland sagt oss?

9 kommentarer:

  1. the librarian bitch28. mars 2011 kl. 08:24

    Øverland sa mykje klokt han, men eg trør til med dette:
    Du må ikke tåle så inderlig vel
    den urett som ikke rammer deg selv!

    Ellers så har nå eg tru på at det vil roa seg på det huset når nokon tar til vet og går av med pensjon.

    SvarSlett
  2. Heilt rett,tlb Gratulerer,du er dagens vinnar! Eg trur du har rett i alt du skriv i dag ;)

    SvarSlett
  3. the librarian bitch28. mars 2011 kl. 10:35

    Juhu!!!!
    Men er kor er dei andre kvissarane? Anne? Kvilar ho på laurbæra sine?

    SvarSlett
  4. eg gløymte heile kvissen aldeles ut i dag.... gjekk på ein liten smell kan du seia... Mandag, klokkestilling, små ungar å kranglete leverandørar e jo artigt:)

    SvarSlett
  5. Anne er framleis ikkje i form, og etter ei dårleg natt måtte ho leggje seg att for å lada opp te møte i Sauda(som eg framleis ikkje vett om eg klarer å gå på)

    Dette har jo ingenting med den nye helsesjefen å gjere, problema har jo vore der lenge før ho blei tilsett. Alle dei flinke, populære legane vart mobba ut!! Og eg trudde faktisk det blei betre nå med nytilsetjinga, men det er vel kanskje nokon som ikkje klarer å halda fingrane vekke frå marionett dukkene h* har regjert i alle år??

    SvarSlett
  6. the librarian bitch28. mars 2011 kl. 14:24

    Du lærer ikkje ein gammal hond å teia still vøttø :-))

    SvarSlett
  7. Han Innante, eg trudde eg hadde advart deg på bloggen min om atte du måtte stilla klokka di;)

    Satse på at kvissarane kvesse håve sitt t i mårå:)

    Trur dåkke me får orden på "uroa" ?

    SvarSlett
  8. Kan bli rolegare iallfall, om nokon verte pensjonerte, og kanskje me etterkvart skulle sett oss om et ein ny person til rådmannsstillinga og?

    Ps: klokka var stillt, sleit bare med å komma inn i rytmen igjen....

    SvarSlett
  9. Håpar det snart blir ro over avdelinga.

    Det er bra at klokka er stilt:)

    SvarSlett