tirsdag 3. mai 2011

Barnehagebussen var her

Torsdag sat eg hjå frisøren min og såg ein stor gul buss koma køyrande frå ferja. Først undra eg meg over den fargen på bussen og lurte på kva selskap det kunne vere. Så såg eg det stod "Barnehagebussen" på den.
Det var den berømmelege bussen det mange frå kommunen som reiste til Stryn for å sjå.  Jammen kom  ikkje bussen hit også.

Med på turen var produktutviklaren av bussen, Inge Arne Bøe. Dei har nok sett at i suldal er dei på glid, så dette var nok ein salgstur.

Aasebø, pedagogisk leiar ved Tonning barnehage som brukar bussen, seier at bussen er eit middel, ikkje eit mål. Men det er verkeleg som mål Suldal vil ha bussen. Målet med bussen er å spare pengar, som vanleg.  Bussen skal dekke opp for plassmangel i barnehagane her. Kommunen ser på rehabilitering og utbygging av Kjerstimoen barnehage. Dei set buss opp som eit alternativ til rehabilitering. Dette skal dei ta opp i kommunestyret i dag.

Då må me jammen tenke oss om. Vil me ha ungane i buss, eller skal dei gå i barnehage. Det er uttalt tidlegare at det er frivillig og at foreldra skal søke ungane inn. Men vil det vere eit reelt val dersom den vert sett i drift?

Det blir argumentert for barnehagebussen på ein måte som om ungane som går i vanleg barnehage aldri kjem utanfor gjerda.  Er det kun med barnehagebuss barnehagane kan vere fleksible? Kan dei ikkje reise på bedriftbesøk, eller institusjonar om dei ikkje går i bussbarnehage? Kan dei ikkje ta i bruk nærmiljøet som dei vil, utan bussbarnehage?

Er det slik, og dersom det er viktig, skulle det vel vere viktig for alle ungane, ikkje berre dei som går i bussbarnehage. Då er det vel likegodt å ha ein fast avtale med Suldal Billag slik alt alle ungane kan komme seg ut av og til?

Ungar likar tryggleik og stabilitet. Er det ikkje like bra å gå i barnehagehus og kjøre på tur med buss av og til?  Ikkje la oss tru at det er gull alt sol glimar.

Honnør til Nora Bogetvedt Jenssen som står fram og seier at  bussing av barnehageungar på dårlige Suldalsveger skulle vere unødvendig.  Ho har sett at keisaren ikkje har klær. Håpar kommunestyret også ser det!

Dette skal bli barnehage for ungane dykkar om inkvan får det som dei vil  (foto SP)

Dagens kviss: Kven meinar at bussen fungerte etter intensjonen?

10 kommentarer:

  1. Vigdis Bjørndal var det vel om eg ikkje hugsar feil.

    SvarSlett
  2. Det var Vigdis Bjørndal det!

    SvarSlett
  3. Ojojo!!

    08:04 på begge to!;)

    SvarSlett
  4. Steike.... Her er det tydeligvis tidelane som vert gjeldane framover...

    SvarSlett
  5. the librarian bitch3. mai 2011 kl. 09:23

    Say no more :-)

    SvarSlett
  6. Det e ytterst sjelden eg e oppegåande så tidleg om morgonen likevel, så ta det med ro;)

    SvarSlett
  7. Tenk, delt førsteplass. JA, bloggenkvissen har fått ei ny tidsrekning! :) finteljing av tid,akkurat som i sporten ;P

    Gratulerar begge to, Dåkke var utrulige i dag!!

    MEN, kva syns de om bussbarnehage?.. sjynt å sjøra byss, elle????

    SvarSlett
  8. Nei, bussbarnehage e risikosport med dei vegane me har i kommunen vår. HEILT uaktuelt å senda mine 2 i bussbarnehage. Gale nok å ha dei i vanlege barnehage...

    SvarSlett
  9. Syns barnehagene i Suldal har godt nok tilbud som dei har (hvertfall når mine 3 var små og søte (nå e det bare søte;))

    Dei gjekk i Randåsen, og dei va nå titt og ofte på utflukter , både med bil, buss eller føtene.
    Har kje heilt satt meg inn i saka, skal barnehagebussen vere ein barnehage? Koss blir det med levering og henting, dei må jo ha ein fast base? Ska de samlast i eit buss skur å venta på alle, eller står bussen parkert ein stad så alle går inn i ?

    Og med dessa vegene bør ikkje tanken voren sagt høgt eingong, nok med at me sende dei eldre ungane på rasfarleg og trange svingete veger til ungdomskulen på Sand, og vidaregående i Sauda...

    La nå ungane få vere i barnehagen der dei kan springa alt dei vil ute. Så får de heller skrapa samen nåken kr te Suldal Transport dei gongene dei vil på tur!

    SvarSlett
  10. Nå blir det spanande å høyre om politikarane går på dette, eller om dei tar til vetet...

    SvarSlett