torsdag 5. mai 2011

Deja Vu, eller skattesjokk?

Så er det på an igjen. Staten skal rasjonalisere og sentralisere, mens dei eigentleg trur dei desentraliserer. Staten går i reformfella ( NMP) som dei har gjort sidan slutten av 80- talet.

Eg har sjølv jobba i staten. Der hadde me noko som me kalla den årlige juleslaktinga. Budsjettåret til staten gjekk frå januar til desember, mens skuleåret gjekk frå august til juni. Kvar desember gjekk pengepotten tom og det strøymde inn på permisjons- og oppseiingsvarsler. Tilslutt klarte dei å leggje ned heile skiten. Så fekk dei spara inn pengane sine.

Det er ikkje lenge sidan likningskontoret på Sand stod i fare for å bli nedlagt. Det gjekk bra då. Men, så snart me har sluppe garden ned, slår dei til igjen, Staten er god slik.  Senterpartiet, distriktsnoregs trøst, sit i den regjeringa som brann for å få offentlige etatar ut or byane, og ut i distrikta. Nå presterer Skattedirektoratet å leggje ned der dei kan, men: "Nedleggjinga skal  ikkje føre til auka sentralisering til dei største byane. Dette mens dei samstundes føreslår å leggje ned mindre kontor. Kvite mann talar med to tunger!! Snakk om å slå seg sjølv i hel med motstridande argument.

Eg  har erfart korleis det kan gå når ein har for lang avstand til skattekontoret: Eg flytta heim til Sand mens sjølvmeldinga var levert inn i Stavanger. Eg hadde gjort endringar som  skulle gi utslag på restskatten. Tida gjekk og ingenting skjedde.  Eg tok endelause telefonar til Skattekontoret, eller rettare sagt til ei tanketom maskindame som ga meg masse tal-mogligheiter, men ikkje hjelp.

Etter tre dagar fekk eg napp. Ei dame hadde saka, men ho var der ikkje . Etter nokre dagar til viste det seg at dama var slutta. Så, viste det seg at saka var parkert. Det skulle då bety at ingen overtok saka. Slik gjekk det fleire månadar. Først i januar året etter var det nokon som var enig med meg at det kunne vere greit å sjå på, og avslutta saka. Det tok tok nærare eit halvt år på overtid å få orden per telefon. Dette kunne aldri ha skjedd om eg gjekk rett ned i gata og ba om hjelp!
Det er ikkje berre eldre og utlendingar som treng den direkte kontakten. Det gjer me andre også.

Eit anna argument for å behalde lokalkontora, er i skattedirektoratet si favør.  Sakshandsamarane kjenner oss mest betre enn me gjer sjølv, så det er vanskeleg å lure på skatten. Tygg på den, du skattefogd.!
Då eg var liten hadde far gitt opp feil antall sauer, viste det seg, for skattesjefen visste han hadde levert den og den sauen til slakt. Trur de at inkvan byas, eller Bergenser ville oppdaga det?

Det er ikkje berre skattekontoret me misser. Folkeregisteret er samlokalisert med skatteetaten.  Me kan risikerer å bruke ein halv arbeidsdag i telefonen om ein skal ordne det som i dag kan ordnast over disken hos Anne Karin Berget.

Underdirektøren i Skatt Vest meiner det er opp til kommuneleiinga sjølv. Dei som kan vise flest ess, stikk av med skattekontoret. Er dette ei ny omgang:. Gi oss det du har, så skal eg tenke på saka?   Kanskje me skulle sett Eva Joly på denne saka?

Etatar med Sunn fornuft ville aldri foreslått dette. Å la folk skulke jobben ein heil dag, kanskje fleire gonge om året, for å oppsøkje næraste skattekontor er dårlig samfunnsøkonomi.  Politikarar spesielt og suldølar generelt, stå på saka!  Inkvan må ta til vet!


Informasjonsdirektør Lise Halvorsen
Lise Halvorsen er informasjonsdirektør i Skattedirektoratet. Lurer på om ho får eit problem med å tale med to tunger?

Her kan du melde deg på, så kan skatteetaten sjå kor mange venner dei ikkje får:

Sjå her om ikkje dette var lettare. Anne G S hjalp meg med ei lettare side:
http://www.facebook.com/pages/Ikkje-legg-ned-Suldal-skattekontor/223321131011283?v=wall



Dagens kviss: Kva fylker er med i skatt vest?

2 kommentarer:

  1. Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane

    SvarSlett
  2. Du tok den og på strak arm:) Gratulerer som dagens vinnar!

    SvarSlett