onsdag 11. mai 2011

Forført av våren

Det anga så godt av graset i dag...  Eg blei heilt poetisk av desse eimane. Slik som diktarar i alle tider har blitt. I rein våryrhet har dei hylla våren med sine lukter, og håp om nytt liv. Slik som  Jakob Sande også sa: det angar så godt frå nyutsprotne  hegge- og epleblomar.


Hegg
 Heggen blømer nå.

Eg har gått og venta på regnet nokre dagar. Lågtrykket slår ut på vær-radaren i oklene mine. Dei var sært vonde mandagen, for lågtrykket låg og lurte ute i nordsjøen, utan å komme heilt fram.  Eg la meg og venta ei vondt natt. Tilslutt kom svevnen og tok meg.

Utpå natta høyrde eg det regna, men eg snudde meg rundt og drøymde vidare. Draumen var fæl nok. Eg drøymde at mobilen min, min kjære litle lilla Sony Ericsson, var øydelagt. Eg hadde hatt den i lomma , men der vart den våt av regnet. ( som var ute, mens eg låg inne og drøymde) Når eg tok den opp for å ringe mens eg var på Rimi si kveldsopen trerettersmiddag som tante Anny og onkel Tor stod for, datt den frå kvarandre! Den hadde rusta sund. Eg følte sorg... så vakna eg!

Mens eg vakna og humra litt for meg sjølv over draumen, og sende eit skråblikk for å forsikre meg om at mobilen var heil, kjende eg at eg  ikkje hadde vondt lenger. Regnet hadde utlikna trykket. Eg var smertefri.  Eg opna døra og gjekk ut på altanen.  Då anga det så fint mot meg...



Lukta av groande, grønt gras. Blomar og våt mold med eit hint av land-lukt. Alt dette straumde mot meg, og ga meg glede og våryrhet. Graset var blitt grønare sidan eg la meg. Dette er intet mindre enn eit under.  Som Blix mimra i "Å eg veit meg eit land langt der oppe mot nord."  Eit land som han minntest så vel.  Dette landet er den finaste stad på jorda i desse dagar.
 
Dette er tida for seljefløyte og norske flag som veiar vilt i vinden.  Då kjem Jakob Sande for meg. Han seier det så fint:

Seljefløyte

Selja står saftgrøn og sevjemjuk,
kvistfri og ferdig til fløytebruk
for hage små gutehender.

Tonen kjem smygande, mjuk og var,
aukar i kraft og får døyvde svar
langt borte frå andre grender.

 Eg har eit bed eg gløymde av. Som Håvard Hedde som eigde 2 furuer, eig eg 6 tulipanar. Dei veks så fint blant Skvallderkålen. Eg ser det er tid for Skvallderkål-pai.

For få veker sidan var det full vinter her.




                            
Våren gir håp om det meste
eg vonar han gir oss det beste.

Dagens kviss: Kor lenge kan ei seljefløyte leve?

2 kommentarer:

  1. Seljefløyta kan holde seg et par uker om den oppbevares i vann, men dersom man tar ut treproppen i enden, kan fløyta tørkes og bløtes opp igjen til senere bruk. Dette kan gjøres mange ganger :) Så den kan vel seiast å kunne leve ei god stund... :) Men, som ferskvare altså 1-2 veker....

    SvarSlett
  2. Det var berre du som våga deg utpå denne. Du har dessverre feil. Egentleg skulle du ha hatt rett, men då dotter nummer 3 var liten hadde me ei seljefløyte i vatn i to månadar.

    Ho var så glad i den. Eg bytte vatn i glaset ofte. Tilslutt voks det ut ei grein. Ho spela på fløyta med ein halv meter frisk sidegrein!, før ho gjekk lei og gløymde den ute på leikeplassen.

    SvarSlett