torsdag 12. mai 2011

Go With Love Indiana!

Ja, godtfolk, de har vel høyrt det? Indiana har hatt besøk av ein "utegut."

I gamle dagar fekk jentene besøk av utegutar som stod utfor glaset og ville inn. Og inn kom, dei av og til.  Det kunnne føre til ekteskap.  Av og til kom det noko "på laust" og.

"Go with Love Indiana" fekk besøk av ein slik utegut. Han lukta vel på lang lei korleis det stod til. Og mens me hadde avtale med helsefonna, gjorde Go With Love Indiana avtale med Winni.  They went with love. Folk hadde sett dei både her og der, der dei gjorde både det eine og andre.

Kva i all verda kan det bli av slikt? Kan det bli noko?


 Er det nokre mannebein i lufta? Ho er klar som eit egg.

 Go with Love Indiana er våryr


Slik som dette ser Winni ut.

Me hadde også ein gong to pommerske spisshundar. Onkel Magnus egla ungane med "pommeriks", der desse pommerske var ute for litt av kvart: 



Ein pommerske jevel på Moen
gneldra så folk mista roen.
Men Maren Kristine 
sa: Nå e du fine
Ellers hiv eg deg rett ned i doen.


To pommeske jevlar på isen
dei blei litt for lette i brisen
turen gjekk skjeis
dei fekk bakoversveis
og med vinden forsvann dei i disen.

ein pommeske jevel frå byen
Han hørte på nyhetsrevyen.
På kinesisk kafe
der kan hundar bli med,
og så gjekk han og kom på menyen.



 Eg skulle ynskt at vinden bles ei anna lei desse dagane. Då kunne me kanskje spart oss denne romansen.

   
Kan dette bli blandinga Chinese Crested og Pomeranian?
         
 
..men sidan dei vert kalla  nakenhund på norsk, er vel dette ein meir realistisk resultat.

Kva med dette? 


Eller kanskje dei blir sjåande slik ut?

Ja, den som lever får sjå. Eg tenkjer heile Sand kjem til å følge med på denne romansen.

Dagens kviss: Kan betyr det å komma noko på laust?

8 kommentarer:

  1. Få ungar utanomekteskapleg, altså "lausungar".

    SvarSlett
  2. jepp. Heilt rett!
    Eg trur du har skremt alle andre vekk. Når di forstod du ete klokka 6 for å vere klar, så trur eg til og med Anne blei bleike;)
    Du er jo uslåelig. I dag blir det oppteljing på kvissen.
    D blir spanande å sjå kor langt før du ligg :)

    SvarSlett
  3. the librarian bitch12. mai 2011 kl. 10:36

    Hadde det vore min hund så hadde eg ringt til dyrlegen og fått ein avtale i morgon den dag om å få "angrepillen". Ventar på løpetid eg og. Arne kjem til helga, men han er det ingen fare med, for Emma er litt for stor for han :-)

    SvarSlett
  4. Jasså, finns d angrepille til hundar og?? Haha, trur du Arne hadde orka å hoppe opp? eg har hørt at hundane står på krakkar for å nå opp ;)

    SvarSlett
  5. the librarian bitch12. mai 2011 kl. 16:22

    Joda, piller fins det, men i sprøyteform. Eg ville nå gitt dyret ein dose. Må ikkje drøya det til over helga!
    Eg trur ikkje Arne har vet til å henta fram krakken :-)

    SvarSlett
  6. Ska sei det med an, eigaren. Arne orkar nok ikkje det, nei!

    SvarSlett
  7. Nei og nei, her e jo alle kommentarene borte!! Du har de vel i "admin" Liv?

    SvarSlett