tirsdag 24. mai 2011

å henge og slenge


Eg las i Stavanger aftenblad om dei som heng i hagen. Hengekøyer som heng i hagen. Då byrja eg å mimre. Om lange late solrike dagar på feriestaden Hiimsmoen.  I 15 år hadde eg lange late dagar i hengekøya. Hengekøya var knytt mellom to eldgamle pæretrær, frå Dr. Haave si tid. 

Det viste seg å vere umulig å oppdrive eit bilete av meg i hengekøya. Men årsaka er vel at eg var fotografen.  I mitt hovud var det stort sett sol dei åra, men fotoalbumet mitt viser noko anna. På mange av bileta er me iført regnklær, og me slenger oss slettes ikkje i køya.

Å leggje seg i ei hengekøye gjer noko med sjela. Ho får ro. I ei hengekøye kan ein liggje å sjå på himmelen, skyene og trærne, og tida finns ikkje. Det er god sjelebot og rett bruk av ferien. Då kjem ein opplagd tilbake på jobb.

Då 15 år var over og perla ikkje lenger var mi, hadde eg heller ikkje hengekøya lenger. Den høyrde liksom til der. Eg anskaffa meg ein Hammock. Det er ikkje heilt det same, men eg får litt av den same "stressless-feelingen".  Nå byrjar den og å dra på åra. Den har tak, og det er skifta ein gong. Den held stand ein sesong, eller to til. Men snart må eg bestemme meg for kva eg skal erstatte den med.



Slik skal ein henge og slenga seg i køya.



Perla vår med malingslitne vegger og to mål plen å slå. Me bytte rundt på uteplassane heile tida i desse åra. Me måla ein vegg til året og gjødsla lite. Slik fekk me tid til det gode liv.

               Der var plenen slått for i år. Litt høy blir det til dyra og  Søskenkjærleik i høysåtå.

Me fekk ofte bybesøk og det gjekk godt i dette svære huset. Merk teltet i bakgrunnen. Der stod teltet i alle år, heile somrane.

På Hiimsmoen var det både hestar, kattar og geiter. Rett over gjerdet gjekk kyrne. Og rett ned bakken til besteforeldra.


Dette er ein Hammock, eller hagegynge som den og vert kalla.


Rotting. Luxury Day Bed. Inkludert puter og solskjerm - netthandelen.no

Dette kallast "Daybed". Kanskje eg må skaffe meg ei slik når hammocken er utsleten?

Dagens kviss: Kva vart hengekøyene brukt til før?

7 kommentarer:

  1. Senger på seilskuter/skip

    SvarSlett
  2. Hengekøyer ble tidligere brukt som plassbeparende senger ombord i båter, for eksempel festet i taket under dekk.

    SvarSlett
  3. Nei nå gir eg meg ende over!! haha - me e gode.. Og eg som ikkje slo på pcèn før 0801!!!

    SvarSlett
  4. Ka er det med dåkke to? Er de så samkjørte, eller drive dåkke ein konspirasjon mot kvissen min? :P

    Gratulerer med delt seier for 4. gong!!!!!!!

    SvarSlett
  5. Trur d må vara nåke telepati eller nåke så blir påvirka av dette felsliga veret me har for tiå...

    SvarSlett
  6. Han Innante, eg trur du har rett!!

    SvarSlett