torsdag 19. mai 2011

Hipp hipp hurra i sol og regn

17. mai blei sånn passelig. Som Aftenbladet sa det: sol og regn heile dagen på Sand. Paraply og regnklede var heile tida i nærleiken. Men, du og du, for eit flott bunadvær. Eg fraus ikkje ein prikk. 

Qi-Qi har bunad, så ho visste kva ho skulle ha på seg. Men Indiana bytta antrekk, frå skotsrutete kjole til sin rosa Chaneldrakt før ho var nøgd.

Eg var oppe på tider som bønder vanligvis står opp. Eg var lys vaken. Flaget og alt var klart. Eg hadde for første gong i mitt vaksne liv god tid ein syttendesmai- morgon. Så god tid at eg fekk sjå NRK. Så god tid at eg kunne følge oppfordringa deira og sende mms bilde inn til dei. Så god tid at eg verkeleg såg biletet.


     Liva si flotte 17.mai kake. Takka vere 4H prosjektet hennar, et eg kaker til alle tider.


Sjå der var kaka på NRK1


                                       Her er me klar som egg, iallefall eg.

På Sand har me oransjeruss. Det hevdar seg ujamt frå år til år. Dette året var av det aktive slaget.


Litt uvant var dagen også, for oss vanedyr. Det var intet tog som leda oss opp til Kulturhuset slik at me kunne høyre talen.  Men me blir vel vane med det og. Det var eit langt og fint barntog. Eg stod klar og skkulle foreviga mi dotter som gjekk framme i komiteavdelinga. Eg zoma inn og var klar til å trykke, men så forsvann heile toget. Eg brøler: "Kor blei di av?" Trur de ikkje dei tok seg ein tur bort til Neset.  Det stod jo i programmet, men eg rekna det for å vere slik trykkfeil som når  Lovraeidet blir plassert på Hamraeidet....


                                                    Her kjem toget

Musikkorpset vårt som me er så glad i.  Dei ligg på topp i haustinga av grasrotandelar i Suldal

                      Musikkorpset si fane. I bakgrunnen nok eit peik frå oransjerussen.

                                  Ein smilande representant for 17. mai komiteen.


Qi-Qi med si hardangerbunad, og med søljer på livet, likte å gå i tog. Som de ser går ho bokstavelig i tog.  (foto HHW)

Sjå fleire bilder:
Sol og regn hele dagen - Aftenbladet.no

Dagens kviss: Er det ei plikt eller ein rett å saluttere?

7 kommentarer:

  1. SaluttRETT. Nåken plasser har saluttplikt, fks. festninger og militærbaser (ilfg Stvanger Aftenbland kan ein lese:

    "Det er forsvarssjefen som har bestemt at Heimevernet skal ivareta saluttplikten rundt omkring i landet."

    Det er vel 10 festninger i Noreg som har saluttplikt.


    Datoer for ordinær saluttering i år er:

    21. februar - kongens fødselsdag
    8. mai - frigjøringsdagen
    17. mai - grunnslovsdagen
    7. juni - unionsoppløsningen
    4. juli - dronningens fødselsdag
    20. juli - kronprinsens fødselsdag
    19. august - kronprinsessens fødselsdag

    Salutten en ærebevisning

    Ordet salutt kommer fra latin og betyr hilsen eller æresbevisning, og tradisjonen har røtter tilbake til senmiddelalderen da skip skjøt med løskrutt når de nærmet seg havn eller passerte fremmede skip.

    Slik fortalte man at skipet hadde fredelige hensikter.

    Salutten ble besvart fra den eller de festningene som forsvarte de aktuelle havnene.

    Ikke tilfeldig antall skudd

    Mange av saluttbestemmelsene har utspring i svært gammel praksis. For eksempel er det ikke tilfeldig at det som regel skytes 21 skudd.

    For viktige begivenheter i det kongelige hus gis dobbel kongesalutt, som er to ganger 21 skudd.

    Ved dødsfall i det kongelige hus gis sørgesalutt med 21 skudd. Det er 5 sekunder mellom skuddene i vanlig salutt, 30 sekunder i sørgesalutt og 1 minutts opphold mellom skuddene i dobbel salutt.

    SvarSlett
  2. Bevares Anne har du slukt heile googleordboka i dag;) Det er rett.

    Det har vore vår, og er vår rett rett, men frå 2007 blei den gamle pliktsalutteringa tatt inn att i lova.
    Anne er dagens vinnar!

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  4. Nei, Liv - eg er ikkje dagens vinner. Eg har og skrevet RETT:(

    Først trudde eg og me hadde plikt frå 2007, men etter å ha googla, sjekka forsvarsdepartementet sine sider, fann eg ikkje nåke som tilsa at alle kommunar har saluttplikt!! Difor endra eg det te saluttrett.. Ringte tom forsvarsdepertementet, ho eine kunne ikkje hjelpe meg, og den andre tok aldri tlf.. SÅ her e me engasjerte!!!

    SvarSlett
  5. Jøss! Dette står det respekt av, Anne!
    Du hadde rett. Kommunane har rett til å saluttere, men inga plikt, mens festningane har plikt. Dette var eit trikky spørsmål ser du.;)

    I eldre tider var det plikt. Det vart seinare tatt vekk, men i 2007 kom lova som la plikt på dei 10 festningane som du sa.

    SvarSlett