fredag 6. mai 2011

My peak

Min spede begynnelse kom ut 15 november ifjor. Frå då av har eg hatt eit innlegg kvar dag fram til påske. Då tok eg påskeferie nokre dagar. Første bloggen eg la ut, hadde 5 leserar som kommenterte.Eg hugsar ikkje kor mange som var innom, for statistikksida hadde eg ennå ikkje oppdaga. Kor desse leserane kom frå forstår ikkje eg, for eg hadde problem med å finne att min eigen blogg. Det var "a Giant leap" for meg. Eg hadde trødd ut i noko eg ikkje heilt forstod. Eg hadde ei meining og eit mål, men var ikkje heilt sikker på korleis eg skulle eg skulle nå fram.  Eg gjekk på måfå, som Alice på tur i eventyrland.

Eg fekk sakte, men sikkert fleire lesarar. Eg fekk lesarar fra heile verda. Eg lo godt for meg sjølv når eg såg dei for meg i ånden der dei sat og brukte google- translate på min, til tider, ultranynorske blogg. Kva fekk dei ut av den? Sikkert ingenting fornuftig.

På statistikken auka det til 20 faste leserar, så til 50  Så snofla Suldalsposten over bloggen min, og likte den. Dei hadde ei sak på den.  Eg fekk boltra meg med ein interessert og dugande journalist. Det enda med at eg blei klint ut over to siden i Suldalsposten; Midtsidene. Etter det blei eg heitande midtsidepiken.  Eg kan altså skrøyta over å ha vore midtsidepiken i aprilutgåva. Det gjorde utslag på bloggen min. Dagen etter hadde eg hoppa opp til 321 leserar.

Etter mine "15 minuts of fame" har lesartalet auka. Nå har eg  rundt 150 leserar kvar dag, så noko interessant må folk finne. Til og med i påsken når eg annonserte ferie, datt det folk innom bloggen min. Det lågaste talet var 23. april, då var det 17 leserar.

Nå vårast det og folk har anna å gjere enn å trykke på pc`n, så nå ligg lesartalet litt under 100  Det syns eg er bra, sjølv om eg var skuffa over at ingen kom med eigne historier om lemming, eller sine erfaringar med lam, den 10. april.

Eg kommenterer ofte stoff som Suldalsposten har skreve om. Suldalposten er nerva i kommunen. Avisa som alle berre må ha, sjølv om dei gjerne er irriterte over det som står der. Suldalsposten har abonnentar i fleire land. Så det er ikkje småsaker dei produserer.

Eg har ein gong vore før Suldalsposten med ei sak som dei skreiv om eit par dagar etter. Då var eg litt kry. Det er også ein del kverulering og filosofering på bloggen. Då er det ofte ting som ikkje fungerer godt nok som får unngjelde. Ellers tykkjer eg framsnakking er viktig i eit lite samfunn, og det som kan hevast, skal hevast.

Eg tenkte at eg kom til å gå tom for tema etterkvart, men det er så grenselaust mykje som skjer, og som eg må  kverulere over, at eg kjem visst til å halde på ei stund til. Av og til tenkjer eg at det er ingenting å skrive om.  Men, i neste augneblink viser det seg at eg ikkje kjem over alt når eg berre skal ha eit innlegg per dag.

Av og til kommenterar folk det eg har skrive. Nokre kjem med eigne erfaringar, andre med utfyllande opplysningar. Det likar eg grensalust godt.  Så, så lenge eg har leserar, kjem eg vel til å halde på.


Hele kortstokken fløy opp i luften
Som Alice, skjøna eg ikkje heilt spelereglane .



DSC00194
Slik såg det ut på bloggstatistikken 
dagen etter at eg blei midtsidepiken i Suldalsposten



Dagens kviss: I dag blir det tippekamp:  Kor mange lesarar hadde eg igår?

6 kommentarer:

  1. Bloggen kom ut litt tidleg i dag, for eg skal ut på reis. Vinnar av kvissen vil då ikkje blir kåra før eg har funne ein PC i Trondheim, om eg finn ein ;)

    SvarSlett
  2. 96 stk.

    (ps, håper du har huka av slikt at dine eigne sidevisningar ikkje blir telt med ;))

    SvarSlett
  3. Då vil eg vera ein plass i mellom: 129

    Liv Jorunn

    SvarSlett
  4. Trur eg skriv 99 eg da. Marit

    SvarSlett
  5. Den 5. mai var ein dårlig dag. Å gå imot å legge ned skattekontoret vårt slo ikkje an :P

    3. mai 163 lesarar
    4. mai 100 lesarar
    5. mai 69 lesarar! Så dessverre 5. mai var ingen i nærheten av rett tal. Men takk for god tru!

    Så det blei ingen rette denne dagen.

    Anne, eg sporer ikkje eigne sidehenvisningar på denne maskinen. :P Men når er eg på andre så viser det, fann eg ut for nokre veker sida. :P Kan ikkje finne ut alt på ein gong.

    SvarSlett