mandag 23. mai 2011

Samanslåing.. igjen!

Stortingspolitikarane har diskutert. Dei har diskutert kommunesamanslåing.  Dette gjorde dei nyleg i møte med kommuneleiinga i Ryfylkekommunane.


Mange av politikarane ser på kommunesamanslåingstoget, og nyt synet av keisaren som dei trur har kledd seg i fine klær. Representantar frå AP, Frp og H vil ha nasjonal debatt om samanslåing og lovar å ha riset bak spegelen for motviljuge kommunar. Dei meinar det er betre å vere på hogget og hoppe i det, istaden for å bli risa inn.



Geir Pollestad frå SP har sett at keisaren ikkje har klær, og sagt klart frå om det.  Han  skjønar ikkje korleis riksveg 13 kan bli betre av at kommunane langs vegen slår seg saman. Halleluja!  Pollestad  har sett det same lyset som dei som møtte på Kulturhuset for å diskutere denne saka ei tid tilbake.

Pollestad meinar grensedebatten i Ryfylke er elitestyrt. Vidare trur han at dei økonomiske vinstane som Telemarksforskning har rekna ut er temmeleg teoretiske. Det same vart slått fast på Kulturhuset. Sverre Underbakke stilte spørsmål ved satsane Telemarksforskning brukte for å rekna seg fram til vinst ved samanslåing. For Suldal vart det ikkje stor vinst likevel, fordi me allereie er så store.

Denne saka kjem til å gå i lang tid. Politikarane vil ha oss til å tenkje stort. Men det har me i Suldal allereie gjort. Me gjorde det i 1965, då fire  kommunar slo seg saman og blei Rogalands største kommune.

Faren er at stortinget kan laga lover som seier at store kommunar kan ete opp dei små nett som i eventyra.

Ein variant til kommunesamanslåing er samkommunar. Då samarbeidar kommunane over grensene utan å slå seg saman. Det har me erfaring med her. Dr. Hellesen sa på kulturhusmøtet at dei hadde gode erfaringar med det.

Tormod Skeie sa det treffande på kulturhuset: "Fordi vi eingong i framtiden skal ha det vondt. Betyr det at me skal vondt allerede?"

Dagens kviss: Kven var primus motor bak storkommunen Suldal?

6 kommentarer:

  1. Men hvis du meiner enkeltperson var det Karl Helgeland og Erfjord kommune som tok initiativet og blei den drivande krafta i heile prosessen( (for egentlig skulle Jelsa og Erfjord vere ein kommune i seg sjølv, og Sand /Suldal ein, men han ) kjempa for at Jelsa og Erfjord og skulle vara med i storkommunen

    KIlde:Soga om Sand

    SvarSlett
  2. steike, nå begynna me å bli voldigt synkroniserte herane...

    SvarSlett
  3. Ja, det er vel 3dje gongen nå;)

    SvarSlett
  4. jøss, for 3. gong er det to vinnarar. Dette er meste skummelt. Gratulerer som dagens vinnarar!

    SvarSlett