torsdag 30. juni 2011

Noreg vart samla til eit rike

Store deler av Noreg vart samla til eit rike under Harald Hårfagre i ca 872 - 900
Så blei resten samla på 1200- talet.  Etter det, gjekk det opp og ned og bortover for oss nordmenn.
I 1905 fekk me vårt eige rike, men me delte oss på målstreken. Knudsen og Aasen fekk oss til å krangle i 100 år.

Så kom NRK. Dei klarte det ingen før hadde klart; samla nasjonen. Folk samla seg i dei stovene det var tv. Alle sat musestille og såg på klokka som tikka, eller meir spanande, pausefiskane i akvariet.

The Forsytes

Nordmenn samla seg om Forsytesagaen, Astonfamilien, Onedin- line, Kruttrøyk etc etc.  Så fekk folk tv i alle stover og dei haldt seg heime. Men alle hadde dei den samme referansebakgrunn. Dei sat heime og såg Dallas, Dynastiet, barnetv og Cosbyfamilien.
Neste dag var dette det store samtaleemnet. Me tala same språket og alle fekk likt tilbod.

Så kom kanalvala. Folk blei forvirra for dei som kun hadde NRK skjøna ikkje kva folk snakka om. Det blei forskjell på folk.

Me har vore forskjellige og hatt forskjellige referansepunkt i mange år. Men så skjedde det: NKR klarte å samla Noreg til eit land.  Me reiste med Hurtigruta. Verdas lengste program.
Fem og eit halvt døger. I 135 timar gjekk denne seilasen direkte. Kvar 3 nordmann følgde programmet. NRK gjekk frå ein marknadsandel på 4 %  til 36 %


Har du sett denne seilasen er du i godt lag. Omlag 3 millionar nordmenn såg den.  Det visar seg også at "heile verda" har følgt hurtigruta. Til og med Bhutan, det siste landet i verda som fekk tv og internett har vist programmet på nett- tv.

I byrjinga såg dette ut til å bli eit vanleg program. Ingen hadde venta dette resultatet. Til lenger nord båten kom, til meir fest og show vart det. Det blei eit kultprogram utan like. Etter 5 dagar sa folk til kvarandre: "kva skal me nå gjere?"

Noreg var atter samla til eit land. Alle samtalar dreia seg om reisa. Me tala atter same språk og hadde same referansebakgrunn.
Heia NRK!



Alle stadar den la til var det fest. Folk gjekk mann av huse og viste kva dei hadde å by på. Me fekk sjå det meste; musikkorps, song, kor, dans og masse sprell. Til og med Elvis left the building i kvit limousine. Me fekk sjå frieri og helsingar til slekt og venner.


Willy montasje (Foto: Marianne Langøy/leserbilde/NRK)
" Finn Willy" dukka opp tre stadar. Fann du Willy?



Hurtigruta slapp å seile åleine. Ho fekk lag overalt av båtar og kanoar.




Nyholm skandse i Bodø salutterte.


På veg inn Trollfjorden.

For de som ikkje fekk  sjå denne reisa kan eg opplyse om at Hurtigruta alltid filmer. Då mor og co reiste med hurtigruta følgde eg reisa deira på hurtigruta sine sider. Her kan de sjå korleis det ser ut: 

Her kan de lesa om seilasen:
http://nrk.no/kultur-og-underholdning/1.7685999

2 kommentarer:

  1. the librarian bitch30. juni 2011 kl. 09:13

    Og frå 4.juli går reprisen: ein distanse kvar dag. Ellers så er nå eg ein av dei som manglar deler av dei felles referanseråmene: ikkje ser eg Frustrerte fruer, eg har ikkje sett Idol, ikkje sett ein einaste episode av Hotel Cesar og mykje anna. For meg så fins det berre ein seriøs kanal som det går an å sjå på og det er gode gamle NRK.

    SvarSlett
  2. Enige med deg i det! Men frustrerte såg eg ein sesong av. Men, så datt eg av lasset..

    SvarSlett