tirsdag 31. mai 2011

Kamille, du milde!

 Kamille er eit dameblad som kjem ut kvar 14. dag. Dei skriv om mote, interiør, sminke, kjendisar og slikt stoff som ikkje engasjerer meg særleg. Eg er heller svak for historiske glansa blader.

Men her ein dag fekk eg eit høve til å lese det. Ja, eg beint fram kjøpte det. Plutseleg vart Kamille etandes for meg og.  For eg fann noko eg likte. Ikkje kjendisar og sånt, men mi dotter nummer 1  Då måtte eg jo løpe å kjøpe!



P1010104

Dette bladet ser ut som eit kva som helst blad det går tretten av på dusinet. Kven kunne vite at det stod meir enn bademote i det?  Dette var eit ekstra tjukt blad spekka med ferie, grilling og mote.




P1010105

To søte blussande av kjærleik. Merk hjarta dei teiknar til oss. "Kjærlighet trenger ingen ord" var ein romantisk film frå tidleg 80- tal. Det vart også teater av den. Eg har sett teiknspråkversjonen av denne i Oslo i 1984 (?)  Mira Zuckerman hadde hovudrolla. eit sterkt stykke.  Utan samanlikning forøvrig....



P1010113                                             
                                         Tegnspråkpoesi i hagen


P1010115


Felles interesser: reising. Det er snart ikkje den stad på kloden dei ikkje har vore, saman , eller kvar for seg. Ask har alt vore fleire veker i USA, liten som han er.


 P1010118
Fleire sider om deira uvanlege kjærleik. Like barn leikar best, vert det sagt. Om dei ikkje høyrer likt, er dei likevel like. Begge likar utfordringar. Hønemora vart litt uroa då dottera annonserte ein høyrande kjærast, men etter å ha sett han i aksjon i dotter nummer 3 sin konfirmasjon, forsvann all uro som dogg i sola.  I kyrkja let han fingeren følgje verselinene etter som me song. Då smelta eg. Dette var kjærleik.

Som i kalenderane og postkorta med små dikt om "kjærligheter er.." Kan eg trygt sei at "kjærleiken er å la kjærasten får følgje med når me andre syng!"



P1010120

Hmm, her stod det mykje ei mor ikkje ville vite. Men min kjære svigerson forsikra meg at den kulørte pressa tek lett på sanninga.  Det einaste heilt sanne var bileta. Men, det var vel for å trøste meg han sa det.

Sant er det også at mobiltelefonen med SMS, og Pcèn har gitt døve eit nytt liv. Dette har verkeleg endra livet deira.  Dei er blitt likestilt når det gjeld kommunikasjon. Og sant er det at ho har arva bestefar Lars sin songstemme. Men det gjer ingenting. Han song med den stemme han hadde. Det skal ho og gjere.



P1010078

Her er resultatet av at ein haltdaling tek utfordringa å date den døve jenta frå vestlandet. Ikkje visste han kva han gjekk til... Ikkje visste han at ho var dobbel verdsmeister i Kung fu frå VM for døve...  Ikkje visste han at han skulle lære seg eit nytt språk i vaksen alder...

Dagens kviss: Kvar jobba Karen då me helst ikkje ville møte henne på jobben?

12 kommentarer:

  1. hu jbba me å finna ut ka folk dødde av.

    trur kje d e ertt men rettsmedisinsk ?

    SvarSlett
  2. the librarian bitch31. mai 2011 kl. 08:52

    Jækla kjappe hu va da, men dette visste eg og. Har forresten lest Kamille eg og nå. Jepp, svigerson din e kjekke te å vera trønder :-)

    SvarSlett
  3. the librarian bitch31. mai 2011 kl. 08:55

    Denne maskinen på skulen er forferdeleg å jobba med når ein skal navigera i bloggar. Det er så mykje att og fram og om og men og førehandsvisningar må eg trykka på ørten gonger. Ikkje løye at Liva vann. Men det spørsmålet var nå jysla internt og. Han innante hadde ikkje hatt ein sjanse her.

    SvarSlett
  4. the librarian bitch31. mai 2011 kl. 08:56

    Gades institutt i Bergen

    SvarSlett
  5. Han innante slite med den nya klokkå.... Møte på jobben kvar dag 08.45.... Men men:)

    SvarSlett
  6. Stilig! Blir kjøp av vekeblad på meg og no.

    SvarSlett
  7. Hehe, ja hu var raske, men hu hadde kje heilt rett. Hu fekk kundene inn på benken, men det var på Gades Institutt i Bergen. Nå jobbar hu på rettsmedisinsk institutt for DNA sporing i Oslo.

    Så dessverre Lutten. Bitchen vann i dag!
    Gratulere tlb, du er dagens vinnar! så det hjelper ikkje om spørmåla er interne,det blir kje alltid rett fordet.

    Ja, det var klager på klokkesletter, så me går for 08.30
    ja, kjekke trønder ;)

    SvarSlett
  8. Etter intense forhandlingar og anke, må eg gi delt førsteplass. Lutten sa at ho jobba med å finne ut kva folk døydde av og på andre stadar enn i Bergen heiter det rettmedisinsk.

    Så, tlb og Lutten vann dagens kviss!!

    SvarSlett
  9. Enig Liv, delt førsteplass var rett her!

    SvarSlett