torsdag 31. mai 2012

Den fryktelige ferden

Eg har strevd med gjennom ei bok på 660 sider. Det var frykteleg. Eg las "Den fryktelege ferden" av Apsley Cherry- Garrard. Dette er ei bok om Robert Scott sin ekspedisjon til Sydpolen fortald av ein overlevande.



Boka er god, men det var til tider frykteleg å lese om desse karane og kva dei opplevde. Somme kveldar tenkte eg at eg orkar ikkje meir storm og kulde, men i solidaritet med Cherry las eg. Kunne han gjennomleve det, kan eg lese om det.



Er du glad i mursteinsbøker kan eg anbefale denne. Eg må innrømme at når eg kom over boka ville eg lese den for å sjå om eg fann ut noko meir om Campbell, naboen over Lågen. Campbell var med Scott til Sydpolen og som seg hør og bør ein god engelskmann hadde han landsted på Sand.  I bygda der eg vaks opp var eg nabo til to av desse lakseslotta. Juvåsen rett over Lågen, og Hiimsmoen  på garden vår.

Eg fann lite om Campbell i boka, for han vart sett av ein annan stad, og der måtte han klare seg som best han kunne med gruppa si i 3 år. Dei overlevde, såvidt.


Apsley George Benet Cherry- Garrrard (1886- 1959)

Men eg fekk følgje Cherry. Snakk om å ha "stiff upper lip". Desse engelskmennene må eg bøye meg djupt for. Dei hald ut dei verste pinsler utan å klage. Dei reiste til Antarktis og vart verande der i tre år. Kven ville reist frå sine og vere vekke i 3 år utan kontakt med omverda. No tildags fyk dei inn til polpunktet med helikopter, og går på ski ei mil eller så, og sender sms om at no er dei framme.


Robert Scott

Slik sleit dei seg fram. Dei hadde to sledar. Dei var så tunge at dei måtte dra ein om gongen. Så måtte dei gå tilbake og henta den andre, slik at dei gjekk streninga tre gonger.



Cherry var med på Vinterreisa. Den er kalla den verste reisa i verda. Dette var om vinteren og det var mørkt så og sei heile døgeret. Dei var ute i fem veker. Det var storm heile tida, og temperaturen var mellom minus 40 til minus 60 grader Celsius. Alt dette strevet var for å få tak i Pingvinegg. 
Det tok omlag ein halvtime å komme seg inn i soveposane om kvelden, for dei måtte tinast litt etter litt, slik at dei kunne komme inni dei. 


Cherry fekk store problem etter heimkomsten. Han utvikla kronisk depresjon og hadde fordøyelsesproblemer. Ikkje rart han fekk fordøyelsesproblem. Dei åt stort sett berre Pemmikan. Dette er eit fettstoff, tørka kjøt og bær med høgt energiinnhald. No til dags blir det helst gitt til hundar.

I boka analyserer han turen og gir råd til framtidige polfararar. " Hvis denne boka kan fungere som veiledning for polfarerer i fremtiden, så har mitt arbeid ikke vært forgjeves."


Dei tapte kampen om å vere først på sydpolen fordi dei skulle både bli først på polen, og drive vitenskapelege undersøkelsar

onsdag 30. mai 2012

Våren er ikkje god for alle

Me ser alle fram til våren. Kom mai du skjønne milde, syng me. Sjølv om mai ikkje kom som den skjønne og milde, kom våren likevel. Det kan eg sjå på dotter nummer 4

Våren som me gledar oss til, er ei slitsom tid for henne.  "Mamma, kaffår klør eg i nasen når eg plukke blomar?" spurde ho meg når ho var lita. Ho kom inn med buketten som eg skulle få. Ho kom med rennande nase og auger.  Det vart berre verre kvar vår. År med mykje pollen, slo henne heilt ut. Nå har ho fått betre medisin, og om ho er rask nok om våren med å ta dei, blir symptoma mindre plagsomme.

Men gode medisiner gjer ungane sløve. Dei får utruleg godt sovehjarta av allergimedisiner. Så godt at dei ikkje alltid kjem seg på skulen, når me startar opp, eller må auke dosen.

Men det er ikkje berre pollen som plagar. Det er i tillegg til pollen, gras, støv, dyr og diverse matvarer. Og for å toppe det heile har ho astma også.


DSC00167
Etter som ho veks til utviklar ho stadig nye allergiar. Nå er det elveblesten som er in.



 DSC00027
Ikkje på sine beste leistar når allergien slit i kroppen. Dette er pollenmarerittet som kjem kvart år like sikkert som våren


Etter inntak av pasta tortellini med kjøtt såg badnet slik ut over heile seg


DSC00168
Ein treng ikkje makeup som får slike fine rosa augnelok. Slik blir det når mor i heimen ikkje vaskar godt nok


DSC00169
Det klør og stikk og er ikkje fint. Nå vil ho leggje allergien sin ut på salgs og byttesida på Facebook. Kanskje ho kan få noko mindre plagsomt i byte?

tirsdag 29. mai 2012

Kursendring i Frankrike

Sosialisten Francois Hollande er vald til ny president i Frankrike. Han er allereie innsett som president og har byrja å farte rundt i embedet sitt.

Han hadde ein litt roligare innsettelse enn presidenten i Russland som hadde pussa støv av gammal glans.

Hollande villle også markere motvekt til den førre presidenten i Frankrike. Sarkozy var glad i bling, og var nokså pompøs.  Han var meir ein Napoleon. Sarkozy var ikkje så opptatt av verda utanfor Frankrike. Han var meir oppteken av det indre og nære. Det vart ironisert med at om ei floge døydde i parlamentet, rykka Sarkozy ut i media og beklaga det.



Francois Hollande, sosialisten, går nå rundt på Elysee-palasset, huset Ludvig XV kjøpte til sin elskede Markise de Pompadour.



Elysee palasset har ei historie i seg sjølv. Det har vore i kongelig og revolusjonær eige. Her signerte Napoleon abdikasjonspapira. Namnet sitt har palasset etter Hertuginne de Borboun, Elysee.

Hollande har valg ein hybridbil som sin offisielle bil - eit sterkt signal til miljøbevegelsen.
Han vil trekkje ut troppene frå  Afghanistan umiddelbart - eit sterkt signal til verda.

Dermed vart han straks invitert til det kvite hus i USA. Det måtte Stoltenberg venta lenge på  Så fauk Hollande til Berlin for å møte Angela Merkel.

Det blir spanande å sjå kven som markerer seg mest i Europa av dei nyvalde presidentane. Den russiske eller den franske?

Den som lever får sjå..

mandag 28. mai 2012

Sparer sparepærer miljøet?

Edison sine pærer ligg for døden. Dei skal ut or produksjon, og bli erstatta med dei fantastiske sparepærene. Lyspærene blir ulovlege å produsere.  Så når lageret er utselt, er det beint fram slutt. Sparepærene skal erstatte dei gamle lyspærene. Dette fordi dei er meir miljøvennlege og energieffektive.


Denne er dømt til døden

Men er sparepærene så miljøvennlege som me vil ha det til?
Fleire lyspærer som er testa inneheld opptil 8 gonger for mykje kvikksølv. Det er ingen etat som har kontroll på dette. Det er opp til produsentene å halde seg under grensa, men ingen sjekkar om dei gjer det.  Er det miljøvennleg å auke utslepp av kvikksølv?


Vinnaren

Sparepærene inneheld kvikksølv. Opptil 3,5 mg.  Kvikksølv er spelige saker. Dersom du knuser ei sparepære må du ta affære med ein gong. Du må lufte ut og få vekk alle restane.

Kvikksølv fordamper langsomt. Knuser du pæra på kjøkkenbenken tildømes, kan kvikksølvet ligge og dampe lenge, eller du kan få det i deg gjennom maten. Dampen frå kvikksølvet gir dårlig inneklima og dårlig helse.

Knuser du ei pære, ta ein tapebite, eller aluminiumsstrimmel og samle opp kvittsølvdråpane.  Knuste du pæra over toastaren, kan du like godt kaste den også, ellers vil kvikksølvet bli oppvarma kvar gong du ristar brød.

Om testar viser at sparepærer er energieffektive og bra for miljøet, er absolutt ikkje ei knust sparepære bra for innemiljøet!

Sparepærene avgir kvikksølv.  Halogenpærene er også svært giftige i fri form, og må handsamas varsilt.

Når du så har samla opp sølet, må du pakke det i ein tett pose og kjøre til miljøstasjonen. I verste fall må du då i Suldal kjøre 6 mil for å kvitte det med kvikksølvavfallet. Det skal absolutt ikke i søppeldunken.

Har me spart miljøet når me bytta ut dei gamle lyspærene med desse sparepærene?  Nei gi meg ei glødepære, Edison"

 
Eller vinn denne LED pæra med det stikkande kvite lyset?

"EU har besluttet at lyskilder med dårlig energieffektivitet, skal erstattes med mer energieffektive lyskilder. Fra 1. september 2009 var det ikke tillatt å importere matte lyspærer og klare 100-wattslamper. Utfasingen av glødepærer skjer i 6 trinn frem til 2016. Klare glødepærer fases gradvis ut, og det blir stilt skjerpede krav til halogenpærer, lavenergipærer og LED-pærer. "

søndag 27. mai 2012

Å rehabiliterast


Rehabilitering kan vere så mongt.  Me skal slite og trene, kvile og ete. På arbeidstove fekk me trene fingrane. Då kunne det kome fram så mongt. Det var mange kreative sjeler i vonde kroppar.



 Eg sette fingrane mine i hengebjørka, og tilslutt fekk eg eit hjarte ut av det. 


Beckham og eg!  Me er begge henfalne til sportsteiping. Dette gjorde underverk. Eg dansa meg bortover gongane med dette på. Eg skjønar godt at sportsutøverane blir gode når dei brukar kinesiotape.



Eg måtte trene fingrane. Eg fekk i oppdrag å finne ut korleis me lagar slike. Det var berre ein fysioterapeut som kunne dette, og ho skulle kome inn og såg korleis det gjekk etter nokre dagar.  Eg måtte bruke både hovud og hender. Dei første forsøka kalla me Ryfylkeroser, for slike hadde dei aldri sett før. Tilslutt, den nest siste dagen klarte eg å knekke koden. Eg lage tre perfekte roser. Her ser de to av dei.


Steikje fine legger! Dagens teiping går i turkis og rosa.  Me hadde fem fargar så me kunne kombinere etter ønske.


Vel heime etter 4 vekers pause. Alt var sett på vent, så det var berre til å sette i gong med å vere sjukepleieadministrator for alle i heimen. 9 avtalar, alle på tre dagar. Det var 4 dagers arbeid å få denne kabalen til å gå opp. Då var eg klar for rehab att, men så måtte eg få unna jula først...


Medalja har ei bakside. Den er ikkje like fin. Etter teiping i lange banar kjem ein heim til "the real world". "Teiping, ja me kan nå alltids prøve", seier dei som strekkjer meg. "Men du må lære oss" Så her er provet på at eg sov i fysioterapitimen på rehaben. Eg fekk ei gedigen vannblemme, for teipen vart sett for fast. Kvifor skjer dette med meg, og ikkje Beckham?

lørdag 26. mai 2012

Me vann eurovisjnen

I Noreg snakkar me mykje om den komande Eurovision song contesten, eller Grand Prix som me seier. Det blir klint utover beste sendetid helg etter helg. Det er vel bra det, men me har allereie vunne i Eurovisjonen!

Noreg gjekk til topps i Eurovisjonen. Men det var det vel få av oss som fekk med seg?  Me er altfor opptekne av eurovisjonen sin song contest til å få med seg den klassiske. I den eine konkurransen ligg me ofte i den nedre skala, likevel må me sjå det på TV i vekesvis før avspark.

Nylig var det Wiener Woche. Då vart den europeiske solistkonkurransen Eurovision Young Musicians arangert.  Den starta med konkurranse mellom Europas sine beste unge klassiske talenter. Noreg var med å tevla og fekk topplassering.


                             Eivind Holtsmark Ringstad gjekk til toppsmed sin bratsj.

Dei unge talenta spela med det Østerrikske Radiosymfoniorkesteret med dirigenten Cornelius Meister. Dei  spela for 45 tusen tilskodarar. Holtsmark spela og vann. Det er første gong ein norsk ungdom vinn. Denne prisen er rekna som ein av dei viktigaste tevlinga i verda. Kvifor står ikkje Noreg på hovudet slik dei gjorde då Rybak vann?

Ringstad er 17 år og går på vidaregåande skule. Han spelar Bratsj på Barratt Due musikkinstitutt. Ringstad er det tredje eleven frå Baratt Due akademiet som har fått finalebillett til denne ungdomstevlinga.(EBU)

Hurra!
Men kor var pressa? Og kor er oppstyret før og etter?
Her går ein ungdom til topps, mens me sit klistra for å sjå delfinalar til Eurovisjonen sin song konkurranse.

Me får nok høyre meir frå han i framtida. Rogaland sin eigen Leif Ove Andsnes slo i gjennom på pallen i Wien, men førsteplassen til Ringstad er unik i Noreg.

For dei genuint interesserte, spela han dette stykket i finalen: Viola concerto, 2 & 3 mov. by Béla Viktor János Bartók

fredag 25. mai 2012

Å nå opp til eigne ambisjonar

Det er ikkje alltid like lett for oss menneske å nå opp til sine eigne ambisjonar. Ein set ofte lista vel høgt. Som ein omskriving av Æsop sine fablar kan me sei: "Høgt heng ambisjonane, og sure blir me når me ikkje når opp".

Eg har sett igong eit ambisiøst arbeid som er  marginalt i høve til mine føresetnader.
Tenk, eg skal organisere barnedåp. Og, til avkommet, er kun det beste godt nok.

Bordkort, det må vel bestemor få til. Men så slår ambisjonane inn og det veks meg mest over hovudet. Eg  studerte mest til ein bachelor på nettet. Og bordkort skal det bli.



                                              Dette skal bli, forhåpentligvis, eit bordkort.


Høveleg papir må kjøpast inn. Så må me lage mal av plast, før me teiknar mønsteret av på papiret.


Søren så eg trega når eg fann ut at alle desse skyteskorå skulle klyppast til..


Endå meir trega eg når leisten skulle limast til foten...


Der klarte eg å tvinga den på plass.


                                  Sjå her, jammen blei det bordkort. Nå er det berre 22 att..



Kven skulle tru, å du og du...



Sidan eg overlevde bordkorta, kom eg på at lysa må stå i stil til serviettane. Her er det full konsentrasjon. Serviettmotivet skal overførast til lyset. Det vert smelta inn.


                                      Førebuinga. Mykje riving og flerring av flak.


Trur de ikkje eg får det til, eller?



                    Der kom eg i mål. Eg nådde opp til mine ambisjonar.. denne gongen og!

Då blir det barnedåp med kaffi og kaker og stivpynta bord!

torsdag 24. mai 2012

Er ideologi galskap?

Den terrorsikta mannen frå Oslo sin beste vestkant klagar over at ideologien hans blir sensurert. Myndigheitene vil ikkje syne fram ein gal manns verk. Han sjølv meiner han at han har sin eigen ideologi, og han trur han er ein martyr.


  Er ideologi galskap? 
Er martyrar galne?



ABB har ikkje vrangforestillingar, men vrange forestillingar.

Han har gjennom mange år systematisk jobba seg fram som militær. Øvd seg på å undertrykkje sin empati.

Er militære soldatar galne?

Kanskje skal me la dei galne få ha diagnosen sin i fred. Og la han få den straffa både han og folket meiner han skal få.

Me kan sei han er galen og at det er ein gal manns verk, men han kan likevel vere ein tilrekneleg person.


Han har plukka for mange blomar i knopp. Ein som har rasert blomsterbedet må få si straff.

onsdag 23. mai 2012

Dei sterke unge rosene

Nå har me følgt med på vitnemåla til dei overlevande frå Utøya. Og det som slår meg er kor tapre og trygge ungdommane er. Dei har nok fått god hjelp til å bearbeide traumene. Dei har heile landet i ryggen, og det at dei tilhøyrer ei gruppe som vart utsett for det same, er til hjelp. Vennene kan sette seg inn i det, for dei var der.

"Jeg er ikke et offer", "Han skal få blikket!"
Dei gir klar melding til ABB:  "Vi vant. Norsk ungdom kan svømme!"

At motgong gjer sterk er dei eit prov på. Hurra for ungdommen  Dei har henta fram ein styrke me ikkje trudde dei unge av i dag hadde. I rettsalen vart dei blei spurt: " Korleis har du det i dag i forhold til skadene dine?"  "Eg er i bedre form i dag", smiler eit vitne etter å ha forklart seg om sine skuddskader.

Me har undrast over "Gutta på skauen" og deira innsats. Det er i motgong folk finn sjela si. Dei tek ut alt dei har, og kjem styrka ut. Desse unge er blitt bråmodne.  Dei opplevde Ragnarok. Dei kjempa for alt dei hadde kjært.

    Kjemp for alt hva du har kjært,
dø om så det gjelder!
Da er livet ei så svært,
døden ikke heller.
(C. Richardt)


Det står respekt av det dei yter i rettsalen. Eg bøyer meg i støvet for desse flotte unge som er utan hat og hevngjerrige tankar, sjølv om dei fekk livet sitt øydelagt og traumatisert. Likevel er dei mellom anna opptekne av at ei dame leia kriseteamet. Det var bra for likestillinga!

Dei unge er samstemte på at dei ikkje vil bruke meir tid på ABB. "Han er ikkje verdt det"  Det er opmerksomhet han vil ha. Det skal han ikkje få". Dei forklarar seg med rak rygg.

Mot i brystet, vett i pannen, stål i ben og armer,
ryggen rak og blikket fritt, se det er bra.
Tåle slit og tåle sludd og tåle frost og varme,
slike gutter det vil gamle Norge ha.
Hold nu takten der, intet mudder her,
la dem se at vi er av det rette slag;
bare lek, ja, men av den skal fremtids krefter vokse,
derfor er det alvor i vår lek i dag.  
(J. Nicolaisen)


Det er utrulige krefter dei trekkjer fram or sitt indre. Dei har såvidt overlevdt.  Dei har hatt lange rehabiliteringar, og kjem styrka ut. Dei står med rak rygg og vitnar, og får til og med salen til å le. Dei står som lys, klare i sitt vitnemål.


Eg grua meg til rettsaka. Eg tenkte eg skulle ikkje sjå på, men så kom eg på Øverland som sa i diktet: "Du skal ikke tåle så inderleg vel den urett som ikke rammer deg selv". Så eg ser i soldaritet med dei overlevande, dei døde og dei  pårørande.

tirsdag 22. mai 2012

Ein framtidsvisjon

Ei setting i framtidas Noreg. Det er ikkje sikkert det er frå ei så fjern framtid.  Me finn ei stillingsannonnse frå staten:

                                                   Me søkjer:  Bønder!
                                                   Me tilbyr:   Blod , svette og tårer i vakre omgivelser.
                                                  Arbeidstid:  24/7
                                                  Lønn: litt over NAV si minstelønn for trygd

Det vil bli gitt overføringer til landbruket i form av tilskott og stønadar. Men du bør helst ha ein ektefelle som har lønna arbeid og som likar å sjå deg lite.
Tiltredelse: snarest. 
Mange fine bruk å velge mellom.


Vil me ha det slik?

mandag 21. mai 2012

Tsar Putin l

Her om dagen var eg vitne til ei viktig hending. I TV overføring. Eg såg Putin si signingsferd på TV.  Vladimir Putin, Russlands store son og tidlegare president og statsminister, har gjenerobra trona. Han er atter ein gong valt til Russslands president.

Han passar å vere Tsar. Her sett inn i måleriet av Alexander lll

Han hadde sin seiersgong inn i Kreml der han vart innsett som president. Soldatane marsjerte i hanemarsj i uniformer frå tsartida. Pomp og prakt og hornmusikk. Så vart han og kona ført inn i katedralen og velsigna av den russiske kyrkja til sin gjerning som Russlands president. Ein kunne formeleg sjå krona sveve i lufta over hovudet hans.


Frå signingsferda

Vår eigen Kong Harald hadde ikkje slik ei pompøs signing.  Dei vart begge signa til gjerning for sitt land, men kven trur de har mest makt, Putin i Russland, eller Kongen i Noreg?

Putin måtte trekkje seg etter to periodar, for grunnlova ga ikkje rom for meir. Derfor vart han statsminister medan Medvedev vart president. Nå har Putin fått det som han vil. Grunnlova er endra, og han vart president for tredje gong. Nå har han ordna det slik at han er president i 6 år. Dermed kan han då i realiteten ha styrt landet i 20 år. Det er det i minste laget i Russland. Men meir enn Bresjnev i si tid.


Her tek han ein Mao
Putin likar å framstå som maskulin. På dei fleste bilder er han anten til hest, i store jeepar, med våpen, på jakt  etc.

Det var ein anna også som byrja i det små. Napoleon var liten, og kom frå ei øy. Han var sekondløytnant. Den franske revolusjonen vart ei velsigning for han. Han erobra Frankrike, vart generalen og enda som stor Keisar av Frankrike. Han gifta seg endå til inn i det aristokratiet han hadde gjort eit hovud kortare. Ser me ei samanlikning?


Opprørspolitiet slår løs på demonstrantene.
Putin lovar demokrati og folkets deltakelse. 
Folket tok han på alvor. Her ser me korleis det gjekk. 120 personar som deltok vart sett inn på vatn og brød. Slik har det alltid vore i Russland.

søndag 20. mai 2012

Chulalongkorn var i Suldal


Discovery Route
Ein gong var denne reiserute den hottaste turen ein kunne ta. Her reiste kongar og adel i hopetall.Mange i bygda tente pengar på turistane slik folk i andre land gjer på oss nå. Oldefar min var skysskar for mange nobilitetar.

Ein av turistane  fekk turen utgitt mellom to permer. Dette kan me lese om bygda vår i boka hans:

"Etter lunsj på Bratlandsdalen hotel ( Chulalongkorn hadde fått med seg at det het Bratland med ein T) som ligger ved Suldalsvannet gikk vi ombord i et skip fra en brygge rett foran hotellet. Skipet la ut kl 14.05 Dette var et typisk fjordlandskap. Vannet virket svært salt.(!)  Det går postbåter på sjøen, to av dem i skytteltrafikk. Vi kunne ikke leie skipet for en langtur, det hadde vi ikke tid til. Derfor måtte vi reise med andre passasjerer. Vi hadde fått reservert plasser på den ene siden av båten. Båten virket temmelig gammel og åpen. Vi måtte innom to steder for å levere post. Vi brukte hele to timer på en strekning som tilsvarer 22 kilometer, før vi kom til den borterste bredden, der en elv som heter Osen rant ut i sjøen. Vi stoppet ved et hotell for å drikke te og la dem få  laste bagasjen vår over på en karet. Denne kareten var mindre enn de vi hadde før.

Vi begynte vår reise over land kl 17.00 Vi kjørte gjennom et åpent landskap mellom fjellene. Jorden var fruktbar. Først var det barskoger, lenger ned var det gressbakker og skogbevokste områder, og deretter åkre med poteter, grønsaker, havre og bygg. På begge sider av veien bodde det folk. Veien steg langs en fjellside. På et sted var veien opp og ned lang og bratt. Så snart vi var nede ved foten av fjellet, kunne vi se fjordene og temmelig tette klynger med hus og butikker. Dette stedet heter Sand. "Albion" lå til ankers ikke langt fra land, på 25 wah dypt vann. Likevel måtte stavnen festes av frykt for at den kunne bli slått mot strandkanten.  Så dypt var vannet.  Vi kom til skipet kl 19.00 Da hadde vi reist 19 kilometer fra Osen til Sand. Alt i alt har vi tilbakelagt 81 kilometer i dag. Det meste av tiden har vi vært ute, mest i dag, og vi følte oss faktisk temmelig slitne."


Omtrent slik såg det ut påstrandstaden i 1907

Neste dag ser det ut som om dei handla på strandstaden Sand. Dei prøvde byens sylteagurker. Kongen var nøgd med våre sylteagurker. Dei smaka søtt som dei siamesiske, og ikkje surt som dei europeiske. Dette ga ei veldig matlyst. Dei kjøpte det som var av sylteagurker og var tilbake på skipet rett før det skulle seile mot Stavanger.


Tidleg turist; Kong Chulalongkorn av Siam. Han vart konge 14 år gammal.  Læraren hans var den kjende Anna Leonowens. Om de blir tome i blikket når eg seier dette, så har dei fleste sikkert sett filmen: " The king and I".  Anna var" I" ,og "kongen" var Mongkut og far til Chulalongkorn som var Anna sin elev.

Han skreiv reisebrev til dottera si. Reisebreva vart utgitt i bokform og mykje lest i Thailand. Thailandsk TV har laga ein serie om reisene hans. Fem av programma handlar om Noregsturen. 


Kongen reiste Noreg på langs, og som den globetrottaren han var måtte han leggje ein sving gjennom Suldal. Studer reiseruta på kartet.



Kleng Skeie (1863- 1969) Sands eldste mann var skysskar og bonde. Kleng Skeie skyssa Kongen av Siam nedover dalen i kjerra si. Den kjerra som Kong Chulalongkorn tykte var liten. For jobben fekk Kleng kr 9,25, og kr. 5,-  i drikkepenger. Her sit Kleng med skyssprotokollen der kongen av Siam er innført 31. mars 1907

Kva gjer me nå til dags for å halda på turistane? Jo,  me sputtar millionar inn i ein turistveg som går utanom Suldal. Det er, må eg sei, godt gjort!

 
Me feirar med stor ståhei at turistvegen glapp.

Skiltjungel i Ryfylke
Mange har skjøna viktigheita av turistvegar, men dei legg det dei reklamerer for innan sitt eige nedslagsfelt.


Den romantiske vegen går der innbyggjarane vil ha turistane.


Kanskje me skulle fått oss eit slikt skilt på vår side med utkikkpunkt der turistane kan kikke over til diktarvegen.

Men kvifor betalar me i dyre dommar for ein turistveg som går utanom Suldal?