lørdag 26. mai 2012

Me vann eurovisjnen

I Noreg snakkar me mykje om den komande Eurovision song contesten, eller Grand Prix som me seier. Det blir klint utover beste sendetid helg etter helg. Det er vel bra det, men me har allereie vunne i Eurovisjonen!

Noreg gjekk til topps i Eurovisjonen. Men det var det vel få av oss som fekk med seg?  Me er altfor opptekne av eurovisjonen sin song contest til å få med seg den klassiske. I den eine konkurransen ligg me ofte i den nedre skala, likevel må me sjå det på TV i vekesvis før avspark.

Nylig var det Wiener Woche. Då vart den europeiske solistkonkurransen Eurovision Young Musicians arangert.  Den starta med konkurranse mellom Europas sine beste unge klassiske talenter. Noreg var med å tevla og fekk topplassering.


                             Eivind Holtsmark Ringstad gjekk til toppsmed sin bratsj.

Dei unge talenta spela med det Østerrikske Radiosymfoniorkesteret med dirigenten Cornelius Meister. Dei  spela for 45 tusen tilskodarar. Holtsmark spela og vann. Det er første gong ein norsk ungdom vinn. Denne prisen er rekna som ein av dei viktigaste tevlinga i verda. Kvifor står ikkje Noreg på hovudet slik dei gjorde då Rybak vann?

Ringstad er 17 år og går på vidaregåande skule. Han spelar Bratsj på Barratt Due musikkinstitutt. Ringstad er det tredje eleven frå Baratt Due akademiet som har fått finalebillett til denne ungdomstevlinga.(EBU)

Hurra!
Men kor var pressa? Og kor er oppstyret før og etter?
Her går ein ungdom til topps, mens me sit klistra for å sjå delfinalar til Eurovisjonen sin song konkurranse.

Me får nok høyre meir frå han i framtida. Rogaland sin eigen Leif Ove Andsnes slo i gjennom på pallen i Wien, men førsteplassen til Ringstad er unik i Noreg.

For dei genuint interesserte, spela han dette stykket i finalen: Viola concerto, 2 & 3 mov. by Béla Viktor János Bartók

2 kommentarer:

  1. the librarian bitch31. mai 2012 kl. 23:01

    Og Tine Thing Helseth som var her i Suldal i fjor. Ho fekk 2.plass i wien i 2006. Ho er i verdstoppen på trompet.

    SvarSlett
  2. ja, tenk alt flott som har opptrått i Suldal. Håpar me framleis får slike talenter hit sjølv om, rikskonsertane er nedlagt.

    SvarSlett